fredag 28. mars 2008

Vinter


Winter
Originally uploaded by halvorbodin
Bilete er henta frå Flickr, men kunne like gjerne vore teke i Liagardane fredag 28.03.08. ( Nåja- det var kanskje lite for flatt) Ikkje mykje som vitnar om vår !!

14 Personlege startsider - iGoogle

Denne var nyttig. Flott å få samla mykje på same startsida. Ikkje særleg vanskeleg å bruke heller, men eg får ikkje flytta på dei ulike "gadgets". Kva kan me kalle det på norsk?
Eg har lagt til klokke, wikipedia, NRK-nyheter. Og meir kjem---

13 Egendefinerte søkemotorer

Dette punktet har eg hoppa nokso lett over. Men kanskje seinare !?

12 Sosiale bokmerker

Del.icio.us.
Dette ser interessant ut. Eg søkte bl.a. på "hallingdal" og fekk mange treff. Laga ogso min eigen konto der eg brukte nokre av desse bokmerka. I biblioteksamanheng kan dette sikkert vera nyttig.

11 LibraryThing

Å leggje inn bøker i LibraryThing gjekk veldig greitt. Litt meir trøbbel med å få oppretta link til bloggen. Fann ein RSS lenke. Dette såg ut til å fungere, fekk i alle fall opp bøkene på bloggen. No seinare får eg dei opp nokre gonger, andre gonger ikkje. Veit ikkje kva som gjer det?

Wiki, Podkasting. Video og Musikk

Desse punkta gjekk me gjennom på kurset. Eg har lese og sett litt meir på kvart enkelt punkt, og ser meg ferdig med desse tinga.