fredag 4. april 2008

15 Leik med bilder

Dette er bilete av stølen/hytta vår på Hellebu. Mykje moro ein kan gjera med dette programmet. Må nok prøve meir seinare.

fredag 28. mars 2008

Vinter


Winter
Originally uploaded by halvorbodin
Bilete er henta frå Flickr, men kunne like gjerne vore teke i Liagardane fredag 28.03.08. ( Nåja- det var kanskje lite for flatt) Ikkje mykje som vitnar om vår !!

14 Personlege startsider - iGoogle

Denne var nyttig. Flott å få samla mykje på same startsida. Ikkje særleg vanskeleg å bruke heller, men eg får ikkje flytta på dei ulike "gadgets". Kva kan me kalle det på norsk?
Eg har lagt til klokke, wikipedia, NRK-nyheter. Og meir kjem---

13 Egendefinerte søkemotorer

Dette punktet har eg hoppa nokso lett over. Men kanskje seinare !?

12 Sosiale bokmerker

Del.icio.us.
Dette ser interessant ut. Eg søkte bl.a. på "hallingdal" og fekk mange treff. Laga ogso min eigen konto der eg brukte nokre av desse bokmerka. I biblioteksamanheng kan dette sikkert vera nyttig.

11 LibraryThing

Å leggje inn bøker i LibraryThing gjekk veldig greitt. Litt meir trøbbel med å få oppretta link til bloggen. Fann ein RSS lenke. Dette såg ut til å fungere, fekk i alle fall opp bøkene på bloggen. No seinare får eg dei opp nokre gonger, andre gonger ikkje. Veit ikkje kva som gjer det?

Wiki, Podkasting. Video og Musikk

Desse punkta gjekk me gjennom på kurset. Eg har lese og sett litt meir på kvart enkelt punkt, og ser meg ferdig med desse tinga.

fredag 29. februar 2008

GTalk

Mi gmail adresse er : einmed(a)gmail.com
Men eg trur ikkje chatting er noko for meg.

Facebook

No har eg registrert meg på Facebook. Det er faktisk litt artig og. Fann fleire kjente der---

Trev på Håkonsgard


Flickr


Er ikkje denne pusen nydeleg!

Dette bilete har eg henta frå Flickr.

fredag 15. februar 2008

RSS

Etter litt frustrasjon syns eg no at eg har skjønt korleis RSS fungerar (trur eg). Aldri vore borti dette før.
Eg brukar Google Reader som rss-lesar. Har no abbonert på 5 RSS-feeder. Veit ikkje om eg kjem til å bruke dei, men ok. og ha litt peiling!

mandag 11. februar 2008

Kurs 11 februar

Fyrste forsøk på blogging. Korleis vil dette gå tru?